Forsvarsmuseets Artist in Residence prosjekt
Arkiv og museum er ulike når det gjeld å tolka og setja ut i livet rolla som kritisk reflekterande samfunnsinstitusjonar. Det er rom for stor variasjon i måtar å operasjonalisera samfunnsrolla på. Forvarsmuseet valde gjennom sitt Artist-in Residence-prosjekt (AiR) å gripa denne rolla på ein ny og utfordrande måte. Prosjektet vart skipa dels etter inspirasjon frå Kulturrådets prosjekt ”Museale forstyrrelser”, som vart avslutta i 2009, og dels etter erfaringane med ”Miss Landmine Kambodsja”-utstillinga på Forsvarsmuseet, òg støtta av Kulturrådet. Som ”artist-in-residence” hadde kunstnar Morten Traavik fast arbeidsplass på museet og i utgangspunktet full kunstnarleg fridom til å sjå kritisk på ulike sider ved militær verksemd.
Forsvarsmuseet ville altså prøva handlingsrom og nye formidlingsformer. Dei ville ha eit eksternt og gjerne kritisk blikk på eiga verksemd. Så kvifor vart prosjektet så omstridd hjå museumseigarane at dei freista å stogga det? Vi trur at dette vart vanskeleg fordi eigarane i løpet av prosjektet oppdaga at dei hadde liten eller ingen kontroll på kunstnaren. Dette er kan hende heile utfordringa ved å opna for kunstnarisk fridom – ein må sleppa kontroll og kan risikera å ikkje lika resultatet.
Med AiR-prosjektet gjekk Forsvarsmuseet i Oslo føre med eit modig og nyttig stykke nybrottsarbeid, ikkje minst fordi dei tilhøyrer ein type museum som kan hende har eit tettare forhold til eigarane sine av di dei er eit etatsmuseum.
Liknande prosjekt har likevel fungert godt både ved Luftfartsmuseet i Bodø og Armémuseet i Stockholm, og har gjeve opphav til interessante diskusjonar og problemstillingar som er viktige i den stadige vidareutviklinga av samfunnsrolla til musea og arkiva. Bratt læringskurve og motvillige eigarar til tross, Forsvarsmuseet har tydelegvis lært mykje av denne prosessen og gjort seg erfaringar som har stor overføringsverdi til andre prosjekt, både ved eige og andre museum. Til alt overmål har det heller ikkje skremt dei frå å tenkja seg nye slike samarbeidsprosjekt i framtida.
Både spørsmål om kva kunst er, og korleis den fungerer i offentlege rom, er berre nokre av problemstillingane som har komme til syne i løpet av prosessen. I Bodø noterer dei seg at ein av dei tinga som er spennande med eit slikt kunstverk ”… er at i skjæringspunktet mellom dem som blir støtt og provosert og dem som synes kunstidéen er morsom og interessant, oppstår det nye problemstillinger.” (Aasjordet White, Luftfartsmuseet i Bodø).
(Den fullstendige erfaringsrapporten frå Forsvarsmuseet sitt AiR-prosjekt er i kjømda, og vert tilgjengeleg til årskonferansen til Kulturrådet i november.)
Dette innlegget er en del av en bloggstafett i anledning Kulturrådets årskonferanse Fortiden for tiden –møter mellom museer, arkiv og kunst. Oversikt over alle deltakere og publiserte innlegg finner du i innlegget Stafett – lagoppsettet på http://museumsandmedia.blogspot.com.
Legg igjen en kommentar